Heim  |  Artiklar  |  Tema  |  Dikt  |  Søk  |  Psykologar  |  Lenker  |  Om oss  |  Kontakt
 
Velkomen til oss

Nettstad for kunnskap og
informasjon om psykologi, både innan teori, forsking og praksis.
Les meir om oss...


Månadens tema
Angst
Alle menneske har eit fohold til angst.
I mildare form er det ei kjensle som kan hjelpe oss til å fokusere og til å yte vårt beste.
Men i andre enden av skalaen er den sterke og uforståelege redselen og uhygga, den som gjev psykisk smerte og som paralyserer og maktstel oss.
Les meir...
 
 
Om psykologi.no
WWW.PSYKOLOGI.NO - informasjonsside om psykologi.

Formålet for nettstaden er å spreie kunnskap og informasjon om psykologi, både innan teori, forskning og praksis. Vi ønsker spesielt å vere ein ressurs for dei som leitar etter informasjon om helsefremjande faktorar knytt til psyken. Derfor vil fagfelt som helsepsykologi og positiv psykologi ha ein spesiell plass på sidene våre.

Alle artiklar blir daterte. Der artiklane og informasjonen bygger på konkrete kjelder, vil desse bli oppgitt. Vi ønsker også å formidle informasjon frå andre publikasjonar som fokuserer på aktuelle tema innan feltet. Informasjonen på desse sidene vil ikkje åleine formidle vitskapleg dokumentert kunnskap. Det er eit mål å spegle røyndomen slik den vert opplevd av brukarar og fagfolk i spenningsfeltet mellom dokumentert kunnskap, ny og utprøvande forskning og den kliniske utøvinga av psykologi. Informasjonen på våre sider er meint som eit supplement til eksisterande tilbod og kan ikkje erstatte terapirelasjonar, personleg rådgjeving eller informasjon du kan hente direkte frå andre kjelder.

Sandane Psykologisenter driv sida. Vi er eit privat senter med tilbod innan psykologi, miljøterapi, musikkterapi, stressmeistring og organisasjonsutvikling. Senteret tilbyr ikkje tenester utanfor desse felta, og har ikkje tilbod innan alle dei emne som blir omtala på denne sida. For nærare informasjon om Sandane Psykologisenter: www.psykologi.no/sandane.

Redaktør for sida er Peter Holvik Lothe.

 
Søk

Annonser