Heim  |  Artiklar  |  Tema  |  Dikt  |  Søk  |  Psykologar  |  Lenker  |  Om oss  |  Kontakt
 
Velkomen til oss

Nettstad for kunnskap og
informasjon om psykologi, både innan teori, forsking og praksis.
Les meir om oss...


Månadens tema
Behandlingsamarbeid
Ein god "behandlingsallianse" mellom terapeut og pasient er ein avgjerande faktor for eit vellukka behandlingsresultat.
Det er difor viktig at partane er klar over kva faktorar, både bevisste og ubevisste, som fremmar dette,-og ikkje minst kva faktorar som hindrar det.
Les meir...
 
 
Du er her: Artiklar :: Kunnskap

Livsglede - glede over å vere til
Omgrepet "livsglede" inneheld ein kvalitet som vi vel alle ynskjer å ha i liva våre.

[Forfattar : Peter Holvik Lothe, Lagt inn : 01/11/2005 ]

Omgrepet "livsglede" inneheld ein kvalitet som vi vel alle ynskjer å ha i liva våre. Likevel er det eit omgrep som er vanskeleg å definere heilt konkret, dei fleste vil vel vere eininge om at det er i slekt med "lukke" og "kjensla av å ha eit meiningsfullt liv". Ein kan og seie det på den måten at livsglede er å ha ein grunntone av harmoni, positivitet og indre ro i sinnet, rett og slett glede seg over sin eksistens og det og vere til.

Kva skapar livsglede, og kva må til for at denne kjensla held seg over tid?

Vi lever alle under skiftande livsforhold og livsfasar. Omstenda vi møter gjennom livet opplever vi som positive eller negative, noko dreg opp, anna dreg ned. Det er og skilnad på oss som individ, vår tålegrense for å takle sjukdom og problem er ulik, også vår evne til å fokusere på gode eller dårlege faktorar i livet.

Vi kjenner oss alle nede og slit når påkjenningar, sjukdom og problem står på. Men eit kjernepunkt mht. livsglede er at grunntonen av glede vender tilbake når forholda normaliserer seg. Det er og lettare å halde på gleda i livet gjenom tunge tider om ein på trass av det vanskelege også har gode kvalitetar i livet som kan "balansere vekta".

Det har vore gjort mange undersøkingar om kva som er viktige faktorar i livet. Her er nokre av dei som oftast går att, og som ein må tru har betydning for den livsglede den enkelte kjenner:

  • God fysisk og psykisk helse
  • Godt familieliv
  • Gode vener
  • Interessant og meiningsfylt arbeid
  • God økonomi
  • Kunst -og kulturopplevingar
  • Positiv fritid

 


Denne artikkelen er lagret under følgende månadens tema:
Livsglede
 
Søk

Annonser