-Vårt syn på psykiske lidingar må radikalt endrast
Vi må endre vårt syn på psykiske vanskar. Tidlegare teoriar om korleis genetisk sårbarheit fører til mentale problem held ikkje lenger. Det finnst ikkje støtte i forskninga for å seie at det finnst gener for psykiske lidingar. I staden synest miljøforhold å ha langt større betydning enn tidlegare antatt.
[Forfattar : Svein Kristiansen,
Lagt inn : 02/09/2009 ]
Det er Roar Fosse som skriv dette i ein artikkel i Tidsskrift for Norsk Psykologforening.
Fosse meiner at vårt syn på årsakene til psykiske vanskar må radikalt endrast. Han viser til nyare forskning som ikkje finn samanhangar mellom DNA-sårbarheit og psykologisk liding, heller ikkje for dei alvorlegaste psykotiske vanskane.
Det er ikkje genene i seg sjølv som styrer korleis genene uttrykker seg. Det er i staden prosessar i cellekjerna rundt DNA, såkalla epigenetiske prosessar, som styrer dette. Desse prosessane blir igjen sterkt prega av miljøerfaringar gjennom barndom og oppvekst. Dette gjeld ikkje berre mentale lidingar. –Ei rekke utviklingsforstyrringar og somatiske lidingar, for eksempel kreft, har no blitt knytta til korleis miljøtilhøve som feilernæring og giftige kjemikaliar påverkar epigenetiske prosessar, skriv Fosse.
Psykososiale erfaringar
I sentralnervesystemet er epigenetiske prosessar spesielt sensitive på individets psykososiale erfaringar. Nevropsykologisk utvikling frå fødsel til vaksen alder vert styrt av desse prosessane slik dei blir utvikla i møtet med miljøet.
Dette betyr at forskarane no på cellenivå begynner å få eit bilete av korleis arv og miljø spelar saman, og i dette biletet synest miljøet å ha ei langt større betydning enn tidlegare antatt.
Tidlege relasjonserfaringar
Forskning både på dyr og menneske viser samsvarande funn: kvaliteten på omsorga som ein mottar frå mor i tidleg alder styrer utviklinga av både hjernen og av atferd.
Frå undersøkingar av rotter har ein funne at mangel på omsorg og svikt i morsomsorga fører til endringar i stoffskifte, i immunsystemet og i ei rekke område av hjerne, seærleg i stress-responssystemet. Fråver og negativ kvalitet på morsomsorga førte til auka reaktivitet ved stress i vaksen alder. I tillegg fann ein samanbrot i funksjonen til hjernestrukturar som normalt trer inn og dempar reaksjonane når ein opplever stress. Dette gav atferdsendringar hos rottebarna når dei vart vaksne. Dei mangla utforskande atferd, hadde høg frykt i møtet med nye situasjonar og ein auka ”startle”-refleks (”kveppe”-releks).
Hos dyr som erfarte positiv morsomsorg fann ein normalt trygg atferd i vaksen alder.
I tråd med dokumentasjonen frå dyreforskninga finn ein også tilsvarande hjerne-endringar beskrive hos unge og vaksne menneske som har erfart alvorleg omsorgssvikt og overgrep i oppveksten. Ein ser vidare eit mønster der overgrep og neglisjering i oppveksten er knytta til auka risiko for ei rekke psykologiske vanskar som angst, depresjon, personlegdomsforstyrringar, PTSD og schizofreni. Tilsvarande risiko finn ein hos barn som td har vakse opp i ein dårleg fungerande barneheim.
Roar Fosse skriv at forskninga indikerer at dei fleste, eller alle, psykiske lidingar hos menneske er knytta til stress i relasjonen til primære omsorgsgjevarar eller signifikante andre i barndom og oppvekst. Hos menesker, som hos dyr, synest relasjonsstress å påverke atferd og hjerneutvikling ved å endre dei epigenetiske kontrollmekaanismene som styrer genuttrykket.
Kjelde: Roar Fosse (2009): Ingen gener for psykiske lidingar. Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 46, s 596-600.