"Vi er blitt mer fokusert på de egentlige verdiene, mer opptatt av det som ikke kan måles i penger. Mer opptatt av natur og opplevelse, av fjell og fjord og en sunn kropp" Dette seier Kristin Krohn Devold, leiar av Den Norske Turistforening til Bergens Tidende, og føyar til: "Årskort på trikken og Birkebeinermerket er de nye statussymbolene, en svær bil som spyr ut eksos blir nå sett på som både harry og usexy av eliten".
Er vi inne i eit varig verdiskifte, eller er dette berre ein forbigåande og flyktig motetrend?
At vi nordmenn går i fjellet er ikkje noko nytt, men ting tyder på at den nye bølga av trim og fokus på helse er djupare forankra enn berre den obligatoriske søndagsturen og turistvandring frå hytte til hytte. Kropp, helse og friluftsliv er meir blitt eit bevisst livsstilval som reflekterar status, personlege verdiar og omgangsform.
I år vart motbakkeløpet Stoltzkleiva Opp fulltegna på tre minutt, 1500 hamna på venteliste! Birkebeinerrittet på sykkel har på nytt sett deltakarrekord og har på få år måtta doble arrangørstaben.
Og medan mange sektorar har opplevt nedgong etter finanskrisa berre aukar omsetningen hos sportsbutikkane og sportsutstyrsprodusentane.
Verdiskiftet er og tydeleg på livstilssidene til ei avis som Dagens Næringsliv, der det no jamnleg er stoff og tips om maratonløp og fjellvandring, og ikkje minst trendidrettane sykkel og kajakk.
Psykologi.no vil i komande artiklar prøve å peike på årsaker til denne utviklinga, og følgjene det vil kunne ha for helsa til dei mange, både fysisk og psykisk.
Kjelde: Bergens Tidende, 27.08.09