Heim  |  Artiklar  |  Tema  |  Dikt  |  Søk  |  Psykologar  |  Lenker  |  Om oss  |  Kontakt
 
Velkomen til oss

Nettstad for kunnskap og
informasjon om psykologi, både innan teori, forsking og praksis.
Les meir om oss...


Månadens tema
Angst
Alle menneske har eit fohold til angst.
I mildare form er det ei kjensle som kan hjelpe oss til å fokusere og til å yte vårt beste.
Men i andre enden av skalaen er den sterke og uforståelege redselen og uhygga, den som gjev psykisk smerte og som paralyserer og maktstel oss.
Les meir...
 
 
Du er her: Artiklar :: Nyhende

-Lovbrot i stort format
Undersøkelsar viser at ein tredjedel av pasientane som er uføretrygda for depresjon seier at dei ikkje har fått noko tilbod om behandling for sjukdommen. – Kanskje har dei gløymt det. Hvis ikkje, er det lovbrot i stort format, seier divisjonsdirektør for psykisk helse i Folkehelseinstituttet, professor Arne Holte til bladet Psykisk.

[Forfattar : Svein Kristiansen, Lagt inn : 15/10/2009 ]

Depresjon er den mest kostbare av alle sjukdomar i Europa, i følge WHO. Lidinga kostar Norge fleire titals milliardar kroner i året, dvs litt meir enn det kostar å drive det norske forsvaret. Behandlingskostnadane utgjer berre 1/20 av totalkostnadane, viser britiske utrekningar. Mange av risikofaktorane ved depresjon er kjente. Vi kan både forebygge og behandle depresjon. Begge delar lønner seg. Det er forunderleg at korkje bedrifter eller kommunane har gjort meir med dette, seier Arne Holte. Kjelde: Psykisk 03/09
 
Søk

Annonser