Rådgjeving, sjølvhjelp og psykologisk behandling først
Antidepressiva skal ikkje lenger vere førstevalget for helsepersonell som behandlar ein pasient med lett til moderat depresjon. Rådgjeving, hjelp til sjølvhjelp og psykologisk behandling skal prøvast først, saman med oppfølging i forhold til jobb og anbefalingar om fysisk aktivitet.
[Forfattar : Svein Kristiansen,
Lagt inn : 23/10/2009 ]
Helsedirektoratet har kome med nye nasjonale retningsliner for diagnostisering og behandlingg av vaksne med depresjon i primær- og spesialisthelsetenesta. Målet er at kvaliteten i behandlingstilbodet skal styrkast. Studier viser at ein ofte overser depresjon i primærhelsetenesta. Eit fleirtal av deprimerte personar får inga behandling, og dei aller fleste av dei som mottek hjelp blir behandla med antidepressive medisinar, utskrive av almennlege. Dei nye nasjonale retningslinene anbefalar at behandlinga i større grad enn i dag bør bestå av psykologiske, sosiale og yrkesretta tiltak.
Ei av dei sentrale anbefalingane i dei nye retningslinene er at antidepressiv medisin ikkje skal vere førstevalget ved behandling av lett til moderat depresjon, som utgjer det store fleirtalet av deprimerte pasientar. "Assistert sjølvhjelp" er eit viktig ord i dei nye retningslinene, og inneber at helsepersonell henviser til sjølvhjelpsmateriale, anten i form av brosjyrer, bøker eller internettbaserte program. Pasienten og evt pårørande frå i tillegg tilbod om oppfølgingssamtalar. Forskning viser gode resultat ved ein slik framgangsmåte. Medikamentell behandling blir framleis ein viktig del av behandlingstilbodet, men då spesielt ved alvorleg depresjon eller når andre tiltak ikkje har hatt effekt.
Fleire former for kortvarige psykologiske intervensjonar kan vere effektive ved behandling av mild til moderat depresjon. Mange pasientar har samansette problem, med fleire former for psykiske lidingar, som td spiseforstyrrelsar og personlegdomsmessig forankra problem. Ein bør då vurdere å utvide behandlingstida for depresjon. Alle som gir behandling til menneske med depresjon bør jamleg sjekke om pasienten faktisk har blitt betre, ved å drøfte dette med pasienten og ved gjentatt bruk av spørreskjema undervegs i behandlinga.
Kjelde; Psykisk, 0309.