Heim  |  Artiklar  |  Tema  |  Dikt  |  Søk  |  Psykologar  |  Lenker  |  Om oss  |  Kontakt
 
Velkomen til oss

Nettstad for kunnskap og
informasjon om psykologi, både innan teori, forsking og praksis.
Les meir om oss...


Månadens tema
Angst
Alle menneske har eit fohold til angst.
I mildare form er det ei kjensle som kan hjelpe oss til å fokusere og til å yte vårt beste.
Men i andre enden av skalaen er den sterke og uforståelege redselen og uhygga, den som gjev psykisk smerte og som paralyserer og maktstel oss.
Les meir...
 
 
Du er her: Artiklar :: Nyhende

-Utviklar psykiske problem i møte med Norge?
-Ein av utfordringane for inkluderingsminister Audun Lysbakken er å bekjempe at innvandrarane utviklar psykiske problem i møte med det norske samfunnet.

[Forfattar : Svein Kristiansen, Lagt inn : 27/10/2009 ]

Det er høgare risiko for å utvikle schizofreni dersom ein er innvandrar. Dette er uavhengig av etnisk bakgrunn eller kva land ein har migrert frå. Sosialt stress synest å virke inn på hjernefunksjon og dermed eventuell psykoseutvikling. Dette skriv psykolog Akish Ottesen Berg og psykologspesialist Anja Vaskinn i ein kronikk i Dagbladet.

Også barn av innvandrarar har større sjanse for å utvikle ein psykose. Aktuelle hypoteser om kvifor dette er slik, er at alle innvandarar deler viktige opplevingar, td å tilpasse seg ein ny kultur. Ein skal erfare korleis det kjennest å vere annleis enn menneska rundt seg. Innvandrargrupper har også større erfaring med svak sosioøkonomisk status og institusjonell diskriminering enn andre grupper i samfunnet.

Mange innvandrargrupper lever nedst på rangstigen i kortare eller lengre periodar i det som vert kalla dei  lågare sosioøkonomiske grupper. Arbeidsløyse og ein ustabil boligsituasjon er sosiale vanskar som opplevest som svært stressande. For nokre utsette mennesker kan dette føre til tap av grepet om røyndomen - dei blir psykotiske. 

Kjelde: Dagbladet, 27.10.2009

 
Søk

Annonser