Heim  |  Artiklar  |  Tema  |  Dikt  |  Søk  |  Psykologar  |  Lenker  |  Om oss  |  Kontakt
 
Velkomen til oss

Nettstad for kunnskap og
informasjon om psykologi, både innan teori, forsking og praksis.
Les meir om oss...


Månadens tema
Angst
Alle menneske har eit fohold til angst.
I mildare form er det ei kjensle som kan hjelpe oss til å fokusere og til å yte vårt beste.
Men i andre enden av skalaen er den sterke og uforståelege redselen og uhygga, den som gjev psykisk smerte og som paralyserer og maktstel oss.
Les meir...
 
 
Du er her: Artiklar :: Nyhende

-Samtaleterapi framfor englar og varme hender
-Psykologar er nesten ikkje-eksisterande i den kommunale helsetenssta. Det er i dag berre 150 psykologar som er tilsette i norske kommunar. Berre 10 av desse tar imot vaksne pasientar. Psykologisk, kommunal kompetanse har korkje vore lovpålagt eller statsfinansiert, skriv Dagbladet på leiarplass.

[Forfattar : Svein Kristiansen, Lagt inn : 27/10/2009 ]

-Folk lever sine liv i kommunane. I statsbudsjettet vert det lagt vekt på oppbygging av psykologkompetanse som ei stor satsing i samhandlingsreforma. Sjukdom skal som kjent førebyggast framfor å behandlast. Å sette inn støtet tidleg gir samfunnsøkonomisk gevinst. Når kommunaneno får tilført 20 millionar kroner til psykologstillingar er det på høg tid og ei god investering.

Framleis er det relativt enkelt å få resept på beroligande piller, men nesten umogleg å få time hos psykologen. Dei mest bemidla i urbane strøk med gode bekjentskapar, får derimot time på dagen hos privatpraktiserande psykologar. Geografi og sosiokulturelle faktorar spelar alt for ofte inn. Det er ei systematisk diskriminering i tilbodet der utdanning, økonomi, klasse og bustad er avgjerande.

Det handlar mest om tilgjengelegheit enn haldningar. Ei undersøking viser at folk har stor tillit til psykologar. 25 prosent meiner desse har størst menneskekunnskap - meir enn legar og langt meir enn prestar og alternativbehandlarar. Folk foretrekker samtaleterapi framfor englar og varme hender. Tida er overmoden for å få psykologane ut til folket. Helseministeren og finsansministeren har felles interesser.

Kjelde: Dagbladet, leiar 27.10.2009

 
Søk

Annonser