Eliten vil gjerne vere "in", -vere i front på dei arenaer som gjev status og få anerkjennande nikk frå dei mange. Tradisjonelt, (og ja, -også no) er pengar, fine titlar og materielle goder ein sikker vinnar for å innta ein hederleg plass i hierarkiet. Men i vårt moderne samfunn har det også opna seg nye områder som bidreg til ei statusreise oppover.
Ein slik ny trend ser ein alså no i form av dyrking av utvalde idrettar og fysiske aktivitetar.
Kvifor nettopp denne litt uventa vendinga, spør vi. Fysiske anstrengelsar har dei leiande i samfunna før med flid søkt å unngå. Svaret er naturlegvis at dette nye er sjølvvald fritidsaktivitet, ikkje nødvendig arbeid for å skaffe mat på bordet.
Noreg er eit land med ny rikdom. På eit par generasjonar har vi gått frå å vere Europas fattige mann til det motsette. Frå jordbrukssamfunn til industrisamfunn til kunnskapssamfunn på rekordtid. Dette påvirkar sjølvsagt våre verdival, vi kan velge vidare for det har vi råd til.
Såleis har den nye trenden med fysisk utfalding naturleg blitt kobla med ein annan trend i tida; -miljøvern. Så eliten let den forureinande bilen tidvis bli ståande i garasjen og set seg heller på sin nyinnkjøpte, dyre sykkel, til glede og gavn både for miljøet, publikum og sitt eige sjølvbilde.
Sjølvsagt skal ein ikkje berre raljere over det ein oppfattar som trendar og mote, i botnen ligg det ofte noko ekte og viktig for folk flest, -miljøvern inkludert. Og ingen er ueinig i at fysisk aktivitet er eit av dei beste middel for å oppretthalde god fysisk og psykisk helse. Slik sett er det ikkje underleg at ny idrett og fysisk utfalding har blitt statusfremmande i Noreg, kanskje det til og med er ein trend som vil vare.