Kan ein stole på informasjon ein finn på internett?
Internett har gjort at vi no har lett tilgong til ei mest ubegrensa informasjonsmengd. Men korleis avgjere sanningsgehalten i det stoffet ein måtte finne om eit gitt tema?
[Forfattar : Peter Holvik Lothe,
Lagt inn : 03/12/2009 ]
Dette spørsmålet er ikkje minst viktig der ein søkjer fakta og informasjon om sjukdomar og helse. Det har etter kvart kome retningslinjer om kva ei god og seriøs helse-nettside skal innehalde, retningslinjer som truleg etter kvart vil utvikle seg til internasjonale standardar. Vi vil her presentere ei slik "prinsippliste", denne er laga av Health On the Net Foundation.
1. Kjeldeautoritet
All medisinsk helseinformasjon som vert presentert er er gitt av personar med kvalifisert medisinsk utdanning, unntatt der det tydeleg går fram noko anna.
2. Komplementaritet
Informasjonen er meint å støtte og supplere, ikkje erstatte, forholdet mellom pasient og lege.
3. Personvern
På den aktuelle internett-serveren vert taushetsplikt og personvern for brukar/pasient respektert.
4. Referansar
Der det er mogeleg vil informasjonen vere støtta av tydelege referansar til kjeldedata, dato for endringar og oppdateringar vil og tydeleg framgå.
5. Etterretteleghet
Der det er utsagn som vedrører fordelar eller eigenskapar av ei spesifikk behandling eller metode, eit kommersielt produkt eller teneste vil desse vere dokumenterte av relevante referansar på same måte som ved punkt 4.
6. Tydeleg forfattarskap
Sida sin(e) designar(ar) vil tilby informasjonen så klart og tydeleg som mogeleg. Webmaster vil angje si e-postadresse på alle sidene på internett-området.
7. Tydeleghet i sponsorforhold
Det vil gå tydeleg fram identiteten både til dei kommersielle og ikkje-kommersielle aktørar som har bidratt økonomisk, med tenester eller materiell til internettsida.
8. Ærleghet i reklame og redaksjonell politikk
Om reklame er ei kjelde til finansiering av sida vil dette klart framgå, der vil også vere ei kort skildring av eigaren sin reklamepolitikk. All reklame og alt promoteringsmateriell vil presenterast på ein måte som gjer at det skil seg klart frå det faglege på sida.