Negative verknader av psykologisk behandling
Betre forskningsmetodar gjer det lettare å få ny kunnskap om kva som kan gje negative resultat av psykologisk behandling. Dette er tema i tidsskriftet American Psychologist.
[Forfattar : Svein Kristiansen ,
Lagt inn : 18/02/2010 ]
Det er i tidsskriftets januarnummer (2010) dette blir tematisert. David H. Barlowe, kjend forskar og tidsskriftredaktør, skriv i artikkelen "Negative Effects From Psychological Treatments" at tida no er moden for eit grundigare fokus på kva forhold som verkar mot sin hensikt når det gjeld psykologisk behandling.
Nyare forskningsmetodar gjer at ein i langt større grad kan kartlegge kva intenvensjonar som fungerer i ein gitt behandlingssituasjon, og ikkje. Barlowe nemner som eksempel at bruken av avspenningsteknikkar/pusteøvingar har vist seg å svekke verknadene av eksponeringsbaserte prosedyrar ved behandling av personar med panikkliding med agorafobi.
To andre artiklar i same tidsskrift utdjupar temaet. Sona Dimidjian og Steven D. Hollon har skrive artikkelen: "How Would We Know If Psychotherapy Were Harmful?" medan universitetslærarar frå fleire universitet i USA tar for seg kva implikasjonar kunnskapen ein har på dette området bør få i opplæringa av psykologistudentar (Gastonguay, Boswell, Constantino, Goldfried og Hill: "Training Implications of Harmful Effects of Psychological Treatments").
Kjelde: American Psychologist (2010), vol 65, no 1