OL-vinnarar brukar bioneurofeedback
Dei canadiske kulekjørarane Alexandre Bilodea (bildet) og Jennifer Heil har trena både hjerne og kropp under førebuingane til OL. Bilodea vann gull i kulekjøring i Vancouver, medan Jennifer Heil fekk sølv.
[Forfattar : Svein Kristiansen,
Lagt inn : 20/02/2010 ]
Begge utøvarane har deltatt i eit treningsopplegg med bruk av såkalla bioneurofeedback. Dette er eit spesielt program utforma for idrettsutøvarar, der målet er å auke utøvaren si evne til å halde fokus og meistre stress i samband med konkurransar.
Bioneurofeedback blir omtalt som eit ”top secret project” i eit større program som har hatt som mål å sikre Canada flest mogeleg medaljar i OL.
Bioneurofeedback er ikkje ukjent i Norge, der det har vore brukt innan idrett, men mest innan kliniske område som smertelindring, hodepinebehandling, ADD og opptrening etter skade.
Les meir om biofeedback: